Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Kontaktmøte i emning

Kontaktmøte i emning

Neste veke og veka etter der blir det kontaktmøte for foreldre og elevar på vg1 og vg2.

Eit kontaktmøte er berre ein del av samarbeidet heim-skule. Den viktigaste jobben gjer vi undervegs i undervisningsåret, både som elevar, lærarar og foreldre.

Det er noko anna å sjå kvarandre i augene enn å snakkast på telefon, så nytt høvet til å få høyre korleis det går med jenta/guten dykkar, snakk med dei lærarane som de føler de bør snakke med og lat oss gjere samarbeidet mellom skule og heim så godt som mogleg.