Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Korleis fråværet blir ført no nokre månader framover

Korleis fråværet blir ført no nokre månader framover

Dersom du er føresett til ein elev ved UVS som er under 18 år, skal du ha fått denne informasjonen via e-post.

Men ting skjer og e-postadresser kan glippe, så difor legg vi ut informasjonen her også:

Når eleven ikkje er på  skule, står stolen tom, eller som her på bildet: stadionsetet er tomt...

Til foreldre/føresette

Her kjem litt informasjon om ei mellombels endring i fråværsreglementet. Fram til 31.oktober vil elevar kunne bruke eigenmelding for fråvær av helsegrunnar. For elevar under 18 år må fråværet stadfestast av ein føresett. Her får du informasjon om endringa og korleis du som føresett kan stadfeste fråvær. Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med skulen.

 

Mellombels endring i fråværsreglmentet

Frå og med 24.08.2020 og fram til og med 31.10.2020 vil elevar som har fråvær av helsegrunnar, sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Elevar under 18 år må likevel legge fram stadfesting frå ein føresett, medan myndige elevar kan legge fram eigenmelding. Fråvær grunna helsegrunnar omfattar blant anna sjukdom, karantene eller isolasjon, samt milde luftvegssymptom og sjukdomkjensle.

 

Dersom eleven legg fram stadfesting frå ein føresett (under 18 år) eller eigenmelding (over 18 år), skal fråvær av helsegrunnar i perioden nemnt over:

  • Ikkje førast som fråvær på eleven sitt vitnemål eller kompetansebevis
  • Unnatakast frå fråværsgrensa (10%-regelen)

 

Eigenmelding for elevar under 18 år

Elevar som er yngre enn 18 år må ha stadfesting frå ein føresett på at fråværet skuldast sjukdom/helse.

 

Stadfestinga gir ein på følgjande måtar:

  1. Eleven registrerer eigenmeldinga som fråværsmelding i Skolearena. Fråværsmeldinga må stadfestast av ein føresett enten via sms eller e-post til kontaktlærar.
  2. Føresett registrerer eigenmeldinga som fråværsmelding i Skolearena. For å kunne gjere det må den føresette ha søkt om tilgong/føresettebrukar i Skolearena på førehand.

 

Elevar over 18 år

Elevar som har fylt 18 år kan levere eigenmelding. Eigenmeldinga skal registrerast som fråværsmelding i Skolearena av eleven sjølv.

 

Registrere føresettebrukar i Skolearena

Dersom du ikkje alt har registrert deg som føresettebrukar i Skolearena kan du gjere det her https://www.skolearena.no/startsiden/ . Med føresettebrukar i Skolearena får du i tillegg til å registrere fråværsmelding på vegne av eleven og høve til å følgje opp fråvær og vurderingar.

 

Du finn rettleiing for registrering av føresettebrukar http://www.ulstein.vgs.no/Ulstein-VGS/Elevar-og-foeresette/Informasjon-til-foeresette/Paalogging-for-foeresette-paa-SkoleArena

Stadfesting på fråvær kan også sendast som e-post til XXXXXXXXXXXXX@mrfylke.no eller via sms til XXX XX XXX (du finn ei oversikt over alle tilsette med e-postadresse og tlfnummer her)

 

Ulstein vgs, 3.09.2020

Leiinga.