Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Korleis søkje utstyrsstipend

Korleis søkje utstyrsstipend

Dersom du skal gå Vg2 eller Vg3 til hausten og kan trenge litt økonomisk støtte til bokkjøp, kan det vere interessant å lese vidare.
Sjå berre kva Lånekassa kan fortelje deg.
Det er sikkert lurt å følgje råda deira, sidan dei trass alt er ekspertane på dette området ;-)

"Søk utstyrsstipend på nettet

Byrjar du i Vg2 eller Vg3 til hausten? Har du ungdomsrett, kan du søkje om utstyrsstipend frå Lånekassen så snart du takkar ja til opptaket. Stipendet får du same kor mykje foreldra dine tener.

Konkurranse – vinn konsertbillettar
Søkjer du før 15. september, er du med i trekninga av 10 gåvekort på 1 000 kroner frå Billettservice. Gåvekortet kan brukast over heile landet, og på alle arrangement på Billettservice. Les meir om konkurransen på www.lanekassen.no/utstyrsstipend.

Slik søkjer du om stipend frå Lånekassen

1. Logg inn på www.vigo.no når du har fått opptak, der finn du nettsøknaden til Lånekassen.

2. Sjekk Dine siderwww.lanekassen.no etter ca. ei veke for å sjå resultatet. Om du ikkje har søkt stipend frå Lånekassen før, får du eit velkomstbrev med PIN-kode i posten.

3. Når søknaden er behandla, kjem svaret (stipendmeldinga) til skolen. Hent brevet der når skolen startar til hausten.

4. For å få pengane til kontoen din, må du skrive under på brevet (stipendmeldinga) og sende det til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under på brevet.

Ikkje alle får utstyrsstipend

Lærlingar, lærekandidatar på alle årstrinn og elevar i Vg1 har ikkje rett til utstyrsstipend. Elevar i Vg1 får eit læremiddelstipend som avheng av økonomien til foreldra. Elevar utan ungdomsrett har heller ikkje rett til utstyrsstipend. Les alt om stipend og lån frå Lånekassen på www.lanekassen.no/vg"

Dersom du lurer på noko anna, kan du sjekke ut denne nettsida óg:

http://lanekassen.no/templates/Page____5593.aspx