Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > "Kva skal du velje?"

"Kva skal du velje?"

Har du ein avgangselev i hus, har du kanskje stilt det spørsmålet ein gong eller to.

28.oktober kan elevane få litt meir svar på dei dei eventuelt lurer på.

Då er det nemleg tid for dei digitale utdanningsdagane ved Høgskulen i Volda! I år blir det sjølvsagt digitalt, sidan det å samle ein god del folk frå forskjellige skular og kohortar ikkje er så ekstremt lurt...

Målsetjinga er å gi deg som elev eit informativt bilete av moglege utdannings- og yrkesvegar, i tillegg til å gi eit innblikk i kvardagen som student.

Elevane vil i år få oppleve undervisningssituasjonar digitalt. Det vil bli lagt til rette for kommunikasjon med både forelesarar og studentar ved høgskulen.

I tillegg vil ein chatfunksjon vere tilgjengeleg både under og etter arrangementet, der elevar og lærarar kan stille spørsmål eller få meir informasjon om studietilbod og opptak.

Kvar elev må velje 4 fagområde/studium.

Det er rett og slett berre å klikke akkurat her (på ein positiv måte!).