Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > LONDON: alt vi forventa, men spesielt det vi ikkje forventa.

LONDON: alt vi forventa, men spesielt det vi ikkje forventa.

Helene Hovden Hareide har skrive om turen som engelskklassene hadde no i forrige veke. Snart får vi òg lese korleis marknadsføringsklassa hadde det. Det er to forskjellige turar, men med utgangspunkt i same storbyen. Klikk deg inn på "les meir", så...

’Ka ti vi ska planlegge Londonturen?’ spurte tjue elevar i kor. Utanfor vindauget strålte sola, og dei fleste jenteføtene var sandalkledde. Det var fyrste engelsktimen etter sommarferien.

Sidan den gong har forventingane berre blitt (om mogleg) større og større, og i løpet av dei mange, lange skuletimane mellom seinsommar og dritvinter har ikkje Bitten trengt å vere stille i meir enn fem minutt for at nokon skulle kome på ENDA eit londonrelatert spørsmål.

 

Det største spørsmålet av dei alle burde sjølvsagt ha vore om ein stakkars skuletur kunne leve opp til slike himmelskodande forventingar.

 

Shakespeare Walks-guiden vår song ikkje. Fem dagar var altfor kort tid. Det var veldig kaldt. Vi var veldig trøtte. Der var nesten ingen Pepsi Max-automatar.

 

Men mykje var akkurat slik vi hadde tenkt. Bilane køyrde på feil side av vegen. Der var veldig mange høge, flotte bygningar. Eit fantastisk uteliv. Vi såg doubledecker-bussar, Marks and Spencer og nokre utruleg feite ravnar.

 

Det er ikkje slikt som gjer det så fantastisk å reise til eit anna land. Det er kanskje noko av dette vi kjem til å hugse. Men det var dei uventa tinga, ein sjukt bra musikal, ein nydelig song dei spelte på ein butikk i Notting Hill, ein del språkrelaterte flauser, oppdaginga av ’White chocolate mocha’ og eit klassefestlokale på storleik med ei dobbeltseng som gjorde Londonturen til eit minne for livet.

 

DAG FOR DAG:

 

Mandag.

Vi skremte livet av hurtigbåtmannen med våre førtiseks koffertar. På flyplassen var dei ikkje like lettskremte, ettersom vi kom veeeeldig lenge før flyet skulle gå. Etter innsjekk sat vi på kaféen i nokre timar. Nokre åt, andre las blad, eit par stykker prøvde faktisk å gjere lekser. Omtrent annakvart minutt var det nokon som utbraut: ’Ej gler mej sånn!!!’

Vi var framme på Gatwick ca. klokka ni (klokka åtte lokal tid). Vi svinsa rundt på flyplassen ei god stund med våre førtiseks koffertar, handvesker og tax free-posar før vi fann bussen til hotellet. (Anonyme kjelder påstår å ha høyrt lærarane innrømme å ’ikkje ha peiling’). Bussturen var lang og prega av utålmodig stemning. Enkelte elevar trudde vi var framme ved hotellet ca. sju gongar før vi endeleg stoppa ved ei nydeleg gammal steinbygning. På taket var ein utsmykka kuppel, med spotlight på. ’Wow,’ sa vi, innimellom koffertrelatert banning, før vi såg Bitten, Nils Olav og Dag peike på ei lita, grå bygning på andre sida av gata…

 

Tirsdag.

Det vart sjølvsagt ikkje mykje soving den natta. Enkelte gjekk faktisk så langt som å site i vindaugskarmen (som var veldig stor) og teikne, i mangel på bedre ting å gjere. Utsikta frå dei fleste hotellvindauga omfatta tyggisklyser, kontorbygg og forureina nattehimmel, men det hadde de ikkje trudd viss eg hadde tørt å snike inn bilete av teikningane her. (Eg er dessverre forhindra av alvorlege truslar om påfølgande konsekvensar).

Denne morgonen hadde vi vårt fyrste møte med mange ting. Det kan m.a. nemnast at det var vanlegare med chicken caesar-wraps til frukost enn beans on toast, og at undergrunnssystemet ser grusomt vanskelig ut, men eigentleg ikkje er det i det heile tatt. På sightseeing i Tower of London fekk vi sjølvsagt med oss dei blodige historiene og dei artige vaktene (Beefeaters), nokre kom også midt opp i eit dramatisk skodespel med ei undercover-prestekone og ein torturert jesuittprest (eller noko i den dur). Deretter for vi til St.Pauls, som er ei veldig fin kyrkje, med veldig, veldig, veldig, veldig mange trappetrinn. Og nydelig utsikt.

Kvelden vart nytta til mykje forskjellig, m.a. shopping i Oxford Street, besøk på Madam Tussauds, tur til Piccadilly Circus og kveldsmat på Hard Rock Café.

 

Onsdag.

Det vart sjølvsagt ikkje mykje soving den natta. Det gjekk mykje i sjokoladeeting og sosialt samver.

Folk trudde dei hadde kledd seg godt, men dei hadde ikkje kledd seg godt nok for ei omvisning i Shakespeare sitt London. (Viss det skulle vise seg at den gode William døydde av lungebetennelse hadde nok ingen engelskelevar frå UVS blitt overraska). Eit høgdepunkt mellom Shakespeare Walks og neste stopp; Camden Lock Market, var turen over brua, som guiden anbefalte, men som berre nokre få fekk med seg.

Dei fleste syntest Camden Lock Market var supert, men nokre av entusiastane fekk seg eit sjokk etter nokre timar med shopping i handlegata. Sjokket kom i form av ein ungarsk gourmetkokk som heldt på å flire seg i hel då vi fortalte kva butikkar vi hadde vore på, og han kunne konstantere at vi hadde gått glipp av heile marknaden. Flaue skunda vi oss den vegen han nøye forklarte oss (det var like før han bestemte seg for at det var så gale med desse norske jentene at han måtte teikne kart), og nådde endeleg den verkelege marknaden, med nedbrente hus og alt. Uten tvil den tøffaste butikken var ’Cyberdog’, der ein m.a. kunne kjøpe astronautmat.

Det var få som hadde høyrt om musikalen ’Blood Brothers’, og på den ellers så tyggis- og plakatbefengte undergrunnen fanst det ingen reklameplakatar om den. Vi var skeptiske, men det var det ingen grunn til. I salen vart det fliring og grining om einannan, og ikkje berre pga overtrøyttheit.

 

Torsdag.

Det vart sjølvsagt ikkje mykje soving den natta. Dei fleste hadde no oppdaga det nemnte utelivet (bekymra foreldre: vi hadde alle stor respekt for portforbudet, eller i det minste det faktum at undergrunnen stengte klokka 12).

Denne morgonen gjekk turen til Imperial War Museum. Mange alvorsame elevfjes vart observerte rundt om på Holocaust- og krigsutstillingane. Den søtlige, rotne lukta frå skyttargravene hang igjen i nasebora og hukommelsen lenge etter at vi hadde komt ut i frisk luft.

Vi tok ein kik på området rundt London Eye (det store parisarhjulet), og gjekk over brua ’The Queen’s Walk’. Gruppa delte seg i dei som ville få med seg ei rettsak på Old Bailey, og dei som ville sjå på kranglinga i House of Commons. Uheldigvis for dei sistnemnte var det snakk om ein og ein halv times kø, så då vart det Buckingham Palace istadenfor. I parken på veg til slottet hylte vi av fryd ved synet av fuglar og ekorn, og tok bilete og sprong rundt så ein ikkje skulle tru vi hadde sett tre, gras og levande dyr før. Der var til og med dei som tok bilete av måsane (!).

Ettermiddagen vart nytta til diverse, m.a. Madam Tussauds, shopping og leiting etter den-bokhandelen-de-veit i Notting Hill. Klokka sju var det fellesmiddag på The Dutch Pancake House. Å fylle pannekaker med diverse kjøt og grønsaker kan enten gå veldig bra eller veldig dårlig, noko ein såg på dei svært varierte ansiktsuttrykka rundt om i restauranten.

 

Fredag.

Det vart sjølvsagt ikkje mykje soving den natta. Det var trass alt den siste natta i London, eit argument mange repeterte nesten heilt fram til det siste morgongryet i London.

Vi tok fellesbilete på Trafalgar Square, og vitja National Gallery. Det vart rapportert om mange elevar som opplevde måleria som ’tredimensjonale’, medan dei søvndrukne sjangla rundt og krasja i dørkarmar.

Etter nokre få timar i eigen regi rundt om i storbyen var det på tide å ta bussen tilbake til Gatwick. Reisa gjekk med til soving (og SLEM fotografering av dei som sovna!) og mimring og rykte om torevêr heime.

’I neste veke ska vi ha muntli framføring om turen!’ kunngjorde Bitten med eit ondt glis. Førtiseks par blodsprengde auge lukka seg i fortviling, og båtmannen trudde nok vi hadde brukt dagane i London til å utdanne oss til sørgekor. Viss han hadde spurt oss om det var tilfelle hadde han fått høyre mykje usamanhengande, om ekle karripannekaker, svart snytepapir og songarane på undergrunnen. Fem stappfulle dagar med teite kommentarar, søvnmangel, latterkrampe, opplevingar, venting, syting, evig trasking saman med turkameratar i Londons grå og spanande gater.