Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Lærarar og leiing på konferanse og workshop

Lærarar og leiing på konferanse og workshop

Då elevane jobba inn pengar til Operasjon Dagsverk fredag i forrige veke, hadde lærarane planleggingsdag. Denne dagen var lærarane spreidd i forhold til programområde.

Dei lærarane som jobbar innan studiespesialiserande programområde, var på konferanse med påfølgande workshop. Konferansen var eit samarbeid mellom NHO, Ulstein, Haram og Sykkylven vidaregåande skular, Rolls-Royce, Ulstein verft og Ekornes. Temaet for konferansen var samarbeid skule-næringsliv og korleis vi kan dra nytte av kvarandre. Torsdag ettermiddag fekk vi høyre tre interessante foredrag frå næringslivshald.

I den meir praktiske delen av programmet på fredag skulle vi gruppevis kome fram til eit prosjekt. Det skulle vere særs konkret, vere eit prosjekt som kan setjast ut i livet. Det var både interessant og nyttig og dersom vi no greier målsetjinga, å nærme oss kvarandre litt meir og utnytte ressursane som finst i dei to ulike "systema", blir det veldig bra.