Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Lill-Marte vann stilkonkurransen om FN

Lill-Marte vann stilkonkurransen om FN

Dermed er ho den heldige utvalde som får reise til New York 27.juni og kjem attende 12.juli, full av inntrykk og gode historier.

Lill-Marte Apelseth tok altså førsteplassen, Elin Osnes og Una-Marie S.Goksøyr delte andreplassen. Både Elin og Una fekk diplom og 500 kroner kvar, medan Lill-Marte altså får diplom, tur til New York og 1500 kroner i lommepengar.

Tre av dei stilane som vart leverte inn då det var skrivedag her på skulen, gjekk vidare. Først var alle stilane innom eit ekspertpanel med faglærarar her på skulen som valde ut dei tre beste, både når det gjaldt innhald og form. Deretter vart desse tre stilane sendt vidare til kvar sin vidaregåande skule der ein faglærar las over på nytt, dette for å sikre ei uhilda og korrekt avgjerd.

På turen kjem Lill-Marte til å møte 180-200 andre ungdommar ifrå USA, Canada og Europa.

I frå Noreg er det 12 som får reise. Talet 12 kjem av at det er 24 losjedistrikt i Noreg og annakvart år er det oddetalslosjane og partalslosjane som arrangerer slike konkurransar. I år var det altså blant anna losjane i Møre og Romsdal som skulle finne ein skule og ein verdig vinnar av stilkonkurransen.

Som ei motyting må Lill-Marte ta mykje bilete på turen og halde eit foredrag for losjane i oktober.

Vi gratulerer!