Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Marknadsføring i London

Marknadsføring i London

”Førre veke var to engelskklasser og ei marknadsføringsklasse frå Ulstein VGS i London på klassetur. Dette er ein tur som blir gjennomført kvart år og er som ein avslutningstur for dei som har engelsk eller marknadsføring som programfag i 3. klasse.”
Takk til Guro Stokseth og Silje U. Antonsen, sidan vi har fått låne det som stod skrive i Regionavisa i forrige veke.
Biletet har vi fått tilsendt av Jeanette K. Hansen.

”Frå Marknadsføringsklassa har vi prata med Sunniva Berge, Torgeir Skeide og Silje Smådal. Dei har hatt eit ganske anna opplegg enn språkklassene og har blant anna besøkt hovudkontoret til Rolls Royce i London. Silje Smådal kan forklare at marknadsføring er eit fag der den beste moglegheita ein har til å lære er gjennom andre sine erfaringar; kva for ulike strategiar dei brukar, korleis dei behandlar marknaden og oppfører seg i forhold til kundar. Og gjennom denne reisa til London fekk marknadsføringsklassa besøke nokre godt etablerte, erfaringsrike og store bedrifter som kunne vidareformidle viktig kunnskap om arbeidet sitt.

- Vi får også oppleve kulturen og sett ting i eit heilt anna perspektiv samt lære oss sjølve å kjenne, fortel Sunniva.

 

Førebuingar

I heile år har marknadsføringsgjengen arbeidd med to store oppgåver, nemleg å lage marknadsplan for Rolls Royce og Ekornes. Silje kan fortelje at dette arbeidet gav dei ein fordel då dei kom på besøk til dei store bedriftene i London.

- Vi har eigentleg førebudd oss heile året med desse oppgåvene og utfordringane som læraren gav oss med utforminga av marknadsplanane. Ved å bruke akkurat Ekornes og Rolls Royce som utgangspunkt, vart vi førebudde på kva desse bedriftene innebar og kva dei jobba med. På denne måten vart vi i stand til å utforme gode spørsmål på bedriftsbesøka som gav oss moglegheit til å kunne få tak i informasjon som vil heve oppgåvene våre til eit høgre nivå .

 

- Det var stort

Under opphaldet i London besøkte Ulstein- elevane mange store bedrifter.

- Vi vitja Ekornes, Rolls Royce, Nordea, Innovasjon Noreg og LSE (London School of Economics and Political Science). Vi var budde med spørsmål for å lære mest mogleg av desse framgangsrike bedriftene, fortel Torgeir.

- Det var svært lærerikt å få kome på besøk. Det er jo store, vellukka bedrifter som veit kva dei driv med. Det å i det heile tatt få kome dit på besøk va stort, seier Sunniva. Og forelesarane var kjempeflinke. Dei visste tydelegvis kva dei dreiv med.

- Forelesarane i dei ulike bedriftene prata om korleis dei arbeider på marknaden, strategiar, kva mål dei har og slike ting, fortel Silje. Det gav oss god innsikt i korleis ein oppfører seg på marknaden i Storbritannia, korleis dei jobbar, kva tankar dei har om framtida og korleis marknadssituasjonen er no.

 

Høgdepunkt i seg sjølv

I tillegg til å besøke dei store bedriftene fekk elevane ein smakebit av National Gallery, The Tower, Madame Tussauds, Harrods, Covent Garden, Buckingham Palace osv. Det er kanskje vanskeleg å seie kva som var høgdepunktet på turen, så dei to jentene er einige i at heile turen var eit høgdepunkt i seg sjølv.

- Å reise slik med klassa er ein oppleving som er med deg heile livet, meiner Silje. Du lev tett i lag med andre som du vanlegvis ikkje er saman med, og vi deler erfaringar og lærer av kvarandre.

Sunniva er heilt einig:

- Det å få dele alle opplevingane med klassa og lære kvarandre å kjenne utanfor klasserommet er kjekt. Det var ein fantastisk tur og ein herleg gjeng! Og fellesmiddagane om kveldane var så kos. Vi prata om korleis vi synst dagen hadde vore, delte inntrykk og morosame hendingar. God mat og god stemning.

Torgeir meiner at denne turen eine og åleine kan vere grunn nok til å velje marknadsføring som programfag.

- Det var ei utrulig artig oppleving og eg har vorte mykje betre kjent med alle klassekameratane mine, ei oppleving eg unna alle, definitivt! Gå marknadsføring alle saman, ikkje berre fordi du fare til London, faget er veldig interessant i tillegg! Men London er i grunnen ein god nok grunn til å velje det aleine!

 

Til stor inspirasjon

Denne turen til London gjev marknadsføringselevane ein liten smakebit på korleis arbeidslivet kan verte etter at dei er ferdige med utdanninga si. Ein slik sosial tur gjev gjerne også litt ekstra inspirasjon når ein kjem tilbake til den vanlege skulekvardagen.

- Eg veit enno ikkje kva eg skal bli, ler Silje. Men med tanke på synet mitt på faget så har eg fått ei meir positiv innstilling fordi det har inspirert meg til å setje meg betre inn i skulearbeidet.

For Sunniva har turen gjeve meirsmak til å studere i utlandet:

- Eg har fått løfta blikket. Heile turen har fått meg til å ville satse meir på internasjonalisering. Det å kome seg opp og fram og studere, kanskje jobbe i utlandet, opnar mange moglegheiter. Det er viktig å skaffe seg eit nettverk.

- I tillegg har all denne informasjonen og kunnskapen vi reiste heim med vore med på å gjere oss betre i faget vårt. Det er eit viktig verkty i arbeidet med dei store marknadsplanane som vi arbeider med. Samstundes er dette kunnskap av ei slik art at den kan brukast kvar som helst og når som helst. Alt i alt gav denne turen oss kunnskapar som er gode å ha med tanke på å kunne forme framtida vår på best mogleg måte, legg Silje til. Dette høyrest kanskje ut som kunnskap du berre har bruk for innan dette området, men når du har hatt faget eit stund, så ser du at alt du har lært kan brukast i mange situasjonar i livet.

 

Vil takke

Silje og Sunniva vil gjerne nytte moglegheita til å takke marknadsføringslærarinna deira, Wiviann Jenssen, for at ho ordna denne flotte turen for dei.

- Dette hadde ikkje hendt utan Wiviann og turen hadde ikkje vore den same om det ikkje var ho som var med. Ho er ein unik og kjempeflott lærar som vi bør vere glade for å få ha. Ho er ei flott dame som har mykje å by på og som kan lære oss masse. Så ein stor takk til henne.

- Wiviann har lagt opp eit særdeles utmerket program. Ho har gjort ein god jobb og stått på for å gjere denne turen heilt eksemplarisk for oss.”