Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Motivasjonen på topp

Motivasjonen på topp

Her kjem dagboka frå motivasjonskurset i England:
Førre veke var det vinterferie for dei fleste skuleelevane. For dei fleste betydde vel dette skigåing eller lange rolege dagar i regnvêret, men for nokre av elevane ved Ulstein vidaregåande skule vart vinterferien brukt til noko heilt anna – dei var på tur til England for å lære meir om ingeniørfaget.

Søndag for to veker sidan møttest ein forventningsfull gjeng på 8 elevar frå Ulstein vidaregåande skule på hurtigbåtkaia på Hareid. Reisemålet var England. Desse 8 var dei heldige som vart utplukka til å vere med på dette opplegget i år. Saman med ei gruppe frå Haram vgs. venta ei veke med opplevingar, finansiert av Rolls-Royce, Ulstein og STX Europe.

Turen nedover gjekk fint, og seint på kveld var vi framme på Angel Hotel i Leamington Spa, ein times køyring nordvest for Heathrow. Kvar dag starta med English Breakfast og vart avslutta med ein trerettars middag på hotellet. Ingen ting å utsetje på maten og komforten på hotellet. Med eit mogleg unntak av nokre sprekingar som innimellom kom seg på ut joggetur, må nok heile gruppa på salatkur den neste månaden.

Måndag rusla vi oss til kurslokala til The Smallpeice Trust, som var kursarrangøren. Alle dagane hadde vi gruppeoppgåver gitt av The Smallpeice Trust, som gjekk mykje på samarbeid. Fyrste oppgåva var å lage til eit vegesystem for ris. Vi fekk utdelt ulike materiale, og deretter var det berre å sette i gong. Mange kreative løysingar. På ettermiddagen vart det besøk til Warwick Castle, der vi fekk eit lite innblikk i korleis dei rike levde i middelalderen.

Tysdag vart vi inndelte etter personlegdomstesten vi tok dagen før. Oppgåva denne dagen var ei caseoppgåve der vi skulle starte vinbar i Spania. Vi måtte ta omsyn til ei lang rekkje faktorar, til dømes løn til dei tilsette, inn- og utprisar på vinen og forventa omsetjing. Undervegs i arbeidet kom i tillegg kurshaldar Louise Duncan med stadig nye utfordringar vi måtte ta omsyn til. ”El Fuente” vart den beste bedrifta, og dei 4 stolte ”gründerane” fekk applaus og sjokolade i premie. På ettermiddagen var vi på besøk til bilfabrikken til Landrover. Her var det bilar for mange millionar pund – det var imponerande å få innblikk i logistikken som skulle til for å lage kvar enkelt bil på bestilling frå kundane. Vi fekk høyre om spesialbilar både til David Beckham og kongefamilien i England. David Beckham sin bil var utstyrt med stor TV i taket til borna, eller skulle den brukast som spegel til kona?

På kvelden var det Champions League, og ein god del av oss var nok kanskje mest interessert i å få med ein fotballkamp, men kursarrangøren hadde bestilt teaterbillettar til eit stykke som heitte Don John. Vi var litt skeptiske, men teaterframsyninga var faktisk bra. Dette var ei moderne framstilling av Don Juan, med god musikk og svært dyktige skodespelarar.

Onsdag føremiddag vart brukt til bilbygging. Mange kreative køyrety vart bygd. Leiar for dette arbeidet, Toulolope Olajide, stressa med tidene, men klokka 12.35 var vi alle klare til prøvekøyring. Bilane var bygde av plast og treverk, med motor, akslingar og gearsystem. Dessverre fekk ein av dei fire bilane startproblem, men dei andre klarte testane med glans. Det var eit likt løp, men til slutt vart bilen ”Monopoly” kåra til vinnar. Om ettermiddagen drog vi til Coventry, for å besøke ”Coventry Transport Museum”. Dette var eit museum for gamle bilar, syklar og motorsyklar. På museum var det også ein del som prøvde ein bilsimulator, som simulerte rekordferda til verdas raskaste ”bil”. Etter besøket hjå museumet fekk vi også tid til ei shoppingrunde i Coventry.

Torsdag fekk vi ei meir omfattande gruppeoppgåve som skulle gå over to dagar. Oppgåva gjekk ut på å byggje ein modell av ei vindmølle som skulle generere straum i Nordsjøen. Fyrste dagen vart mest brukt til planleggjing og skissering av møllene. Mange spanande idèar vart lagt fram; om dei skulle vise seg å vere like gode i praksis, fekk vi sjå den neste og siste dagen av kurset. Om ettermiddagen vart det opplevingstur til Shakespeare sin fødestad, Stratford-upon-Avon. Der besøkte vi fyrst huset der Shakespeare vart fødd, medan det etterpå vart tid til ”shopping” i byen. Om kvelden åt vi middag på ein av dei lokale restaurantane, før vi gjekk til Courtyard Theatre, der Shakespeare sitt teaterstykke, ”The Tempest”, venta. Til trass for det litt vanskelege språket, som gjorde det vanskeleg å fylgje med, vart dette ei flott oppleving. Dette var eit teaterstykke som var ganske ulikt ”Don John”, grunna den meir seriøse stilen.

Fredag heldt vi fram på vindmølleprosjektet. Denne dagen heldt vi i motsetning til tidlegare dagar på endå lenger med gruppeprosjektet. Då tida var ute og vi skulle vere ferdige med vindmøllene, var det framsyningar der gruppene presenterte dei fysiske utgåvene av vindmøllene, men også ei powerpoint-framsyning.

Laurdagen vart det heimreise frå Heathrow, via Oslo før vi kom til Vigra.

Helsing Bendik Bigset, Klara-Marie Sæverud, Maren Moldskred, Ingeborg Ø. Garen, Sigrid Sellereite, Katrine Østgaard, Anders Voldsund og Espen Velsvik.