Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Motiverte ingeniørspirar

Motiverte ingeniørspirar

Vi fekk sendt over teksta som stod i Vikebladet Vestposten no forrige veke, så no får du lese om korleis ingeniørspirane hadde det i England:
Søndag 10. februar 2008 reiste 16 ungdommar frå dei vidaregåande skulane i Ulstein og Haram til England på motivasjonskurs for ingeniøryrket. Kurset er eit samarbeid mellom lokale maritime bedrifter og dei to skulane, og har til hensikt å få ungdom i kommunane til å verte interesserte i ei framtidig ingeniørutdanning.

Kurset varte ei veke, og på programmet var det både teoretiske og praktiske utfordringar, i tillegg til sosiale aktivitetar på kveldstid. Den første utfordringa kom allereie då vi landa på Heathrow, og fann ut at ein av elevane mangla bagasjen si. Det vart mykje styr rundt dette, men etter to dagar kom den heldigvis til rette igjen. Men likevel var dette det einaste negative som skjedde. Vi har elles hatt berre mange oppturar i form av spanande opplevingar.

Søndag formiddag møtte elevane frå Ulstein vidaregåande skule opp på hurtigbåtkaia på Hareid. Alle med store forventningar til turen som venta. Då vi kom til Vigra, møtte vi resten av gjengen frå Haram, som vi allereie var kjende med frå ein tidlegare del av kurset. Resten av reisa til England gjekk fint, og om kvelden fekk vi litt fritid i byen vi oppheld oss i, Leamington Spa.

Opplegget i England er stort sett organisert av det lokale firmaet Smallpeice Trust, som er spesialistar på kursing og opplæring innan ingeniørretta yrke. Måndag lærte vi meir om kva ingeniøryrket går ut på, og det var mykje fokus på teamarbeid og den enkelte sin plass i eit team. På ettermiddagen reiste heile gruppa til Warwick Castle, ei middelalderborg som er open for turistar. Dei fleste vart nok positivt overraska over dette opplegget, der vi mellom anna fekk prøve å skyte med pil og boge, og vart skremde i eit spøkelseshus med levande personar og skodespel.

Dagen etterpå var det fokus på den økonomiske delen av det å vere ingeniør, og mesteparten av kurstida brukte vi på eit spel der målet var å tene mest mogleg på ein vinbar i England. Her lærde vi å ta raske beslutningar og å gjere dei rette valga med omsyn til investeringar og omstilling av ei bedrift. På dagtid var vi på besøk hos Land Rover, og fekk omvisning i fabrikklokala deira. Vi var sjokkerte over størrelsen på dette firmaet, med 6000 ansatte, fordelt på utallige avdelingar, m.a. produksjon, leiing, køyreopplæring og mykje anna. Land Rover har faktisk eige legekontor, eit stort vegsystem, ei stor fotballbane, ein innsjø og ein eigen ”jungel” for testing av bilane. På kveldstid drog vi på fotballkamp mellom det lokale laget Coventry City og Cardiff City. Vi ankom med buss, og vart då tekne for å vere ei gruppe med hooligans. Bussen vart difor parkert saman med desse, noko som førte til at vi for sikkerheits skuld fekk politieskorte tilbake etter kampen.

Onsdag var det dekka for kulturelle opplevingar og praktiske prøvelsar. Dagen starta med ein konkurranse der vi skulle bygge ei kran med elektromagnetisk lyfteteknikk. Hovudmålet var å flytte flest mogleg flyvengjer frå a til b på eit minutt, men samtidig var det òg viktig å få lavast mogleg driftskostnadar. Ut på ettermiddagen blei vi transportert til heimstaden til William Shakespeare, Strattford Upon Avon, der vi først fekk sjå heimstaden til Shakespeare, og deretter fekk vi fare på eit teaterstykke av same mannen.

Ein ting er sikkert, vi er utruleg privilegerte som får lov å vere med på ein slik tur. Eit så velorganisert opplegg er sjeldan kost. Fredag vert det øving på framføring og praktiske øvingar. Ein kjempetur går snart mot slutten, men vi har alle ein følelse av fleire høgdepunkt står for tur…

Oskar, Erlend, John Martin, John, Christian, Eirin