Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > NB! NB!

Viktig informasjon frå inntakskontoret når det gjeld inntak til vidaregåande opplæring skuleåret 2019/2020

I år sender vi ikkje ut svarkort og purrekort etter 1. inntaket slik som tidlegare. Dette betyr at søkjarane vil få melding på sms og e-post frå oss ca. 5. juli, der elevane blir bedt om å logge seg på vigo.no for å registrere svaret sitt innan fristen 12. juli.

Dei søkjarane som ikkje svarer på tilbod om skuleplass og-/eller ventelisteplass innan fristen 12. juli vil miste tilbodet om plass og-/eller ventelisteplass.

Dei som får tilbod om plass og-/eller ventelisteplass i 2.inntaket vil få melding om dette ca. 2. august. Vi gjer merksam på at det er svært kort svarfrist: Fristen er 5. august. Dei som ikkje har svart innan 5.august vil miste tilbod om plass og-/eller ventelisteplass og bør ta direkte kontakt med skulen og be om å få stå på lokal venteliste.

Vi ser at ein del søkjarar ikkje har registrert mobilnummer og-/eller e-postadresse på vigo.no. Vi oppfordrar på det sterkaste rådgivarar m.fl om å informere søkjarane om å registrere desse opplysningane på vigo.no slik at dei får melding om inntak frå oss og elles andre viktige meldingar inntakskontoret sender ut.

Søkjarar som av ulike grunnar ikkje har tilgang til vigo.no må sjølv passe på for å registrere svar innan fristane. Søkjarane kan ringe oss på telefon 712 80 150 eller sende oss e-post på inntak@mrfylke.no. Fra 5. juli vil vi ha telefontid fra 09-11 og 12-14.

Til slutt gjer vi merksam på at frist for å registrere førehandssvar på vigo.no er 1. juli. Vi kan hjelpe søkjarar som ikkje har tilgang til vigo.no med å registrere dette før 1. juli. Søkjarane må då ta kontakt med inntakskontoret på 712 80 150.

 

Søkjarar som av ulike årsaker ikkje er i Norge i dei periodane inntaket vert lagt ut og har problem med på svare på vigo.no ringe inntakskontoret på telefon 712 80 150 for å svare på plass.

 

Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål.