Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Ny struktur i vidaregåande skule - tilbod ved Ulstein vgs

Ny struktur i vidaregåande skule - tilbod ved Ulstein vgs

Hausten 2006 blir studietilboda i vidaregåande skule lagt om. Det som før heitte studieretning, heiter frå 2006 utdanningsprogram. Totalt vil det vere 12 ulike utdanningsprogram i vidaregåande skule.

Ulstein vidaregåande skule kan tilby desse utdanningsprogramma:

Tilbod som gir studiekompetanse:

  • studiespesialiserande utdanningsprogram i språkfag, realfag og samfunns-og økonomifag
  • studiespesialiserande utdanningsprogram i idrett

Yrkesførebuande studietilbod

  • utdanningsprogram for elektrofag
  • utdanningsprogram for service og samferdsel

UVS vil også vidareføre tilbodet om utdanning innan tekniske allmennfag (TAF)