Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > "Nye" Mummidalen...

"Nye" Mummidalen...

Stor takk til Ida-Kristin Høgstavoll, som lånte oss teksten sin om framsyninga som dramagruppa ved UVS hadde i april :-)
Og stor takk til dramagruppa, Jeanette Bigset som tekstforfattar og ho Liv Dalbakken som tolmodig dramalærar (reknar vi med)!

Ei litt annaleis mummiforteljing

Fredag 18. april var førsteklassingane på skulen på ei forestilling på «Landskapet» med dramagruppa. Forestillinga var om Mummidalen, men kanskje ikkje heilt slik som vi huskar den frå barndommen.
Når vi kom inn var det barnesongar som fyllte landskapet. Titten Tei mm. Etter nokon minutt med venting dukkar dramalæraren opp framfor sceneteppet. Ho kan fortelje oss at den før så harmoniske mummidalen, no har blitt ein dal full av intriger.
Det heile byrjar med at My og Snorkfrøken kranglar. I bakgrunnen stod snusmumriken og mummitrollet og såg dumt på dei. Mummitrollet sa at dersom han kjenner jenter rett, var det ikkje verdt å blande seg. Alle saman hadde sove i 24 timar, fordi Sniff hadde putta forgifta sopp i gryta. Då alle saman våkna merka dei at Snorkfrøken hadde forsvunne.
Plutseleg merka dei at Lille My også var forsvunne, og at det ikkje var eit einaste spor etter henne. Heile buchen drog opp i fjellet for å leite etter My og Snorkfrøken. Der fann dei Snorkfrøken, hengt. Mummi trudde Sniff hadde drept henne, så han henta rifla og sikta på han. Snusmumrikken greip inn og sa til Mummi at han ikkje måtte gjere noko drastisk.
Fyrste avsløring: My og Sniff har eit forhold. My er russisk spion. Ho har også hatt eit forhold til Stinky, det same har Snorkfrøken, dei krangla om han. Mummi ville skyte Stinky, men blei stoppa av Snusmumrikken. Då Snusmummrikken såg ein annan veg, skaut Mummi Stinky.
Rifla var ladd med klinkekuler, så Stinky døde ikkje. Litt etter fant dei Lille My død.
Vi merka fort at mummidalen ikkje var den same gamle harmoniske dalen vi huskar frå barndommen. Noko som var særs bra var bruk av moderne utrykk som ungdom bruker. Ein annan ting var kostyma/sminka. Ein kunne sjå med ein gong kven som var kven.
Det var ei lita ”pause” i spelet der skodespelarane gløymde kva dei skulle seia. Dette burde eigentleg telle negativt, med det blei så komisk at det gjorde ingenting. Ellers vil vi leggje til at det er positivt med slike spel i skuletida ein gong i blant. Det er både morosamt og avslappande, for både elevar og lærarar.