Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Nytt og spanande fag ved UVS

Nytt og spanande fag ved UVS

I år har Ulstein vgs gått nye vegar. Som ein følgje av ny læreplan og for å gjere realfag enno meir attraktivt har elevane på VG2 kunna velt faget Teknologi og forskingslære.

Det er eit 3-timars programfag. Det er eit fag som skal gi ”erfaringer med realfag i praksis og skape en arena for undring og nysgjerrighet” som det så fint står på nettstaden www.naturfag.no.

I løpet av skuleåret skal dei jobbe i lag to og to og rett og slett designe ein båt frå det første idéutkastet i teikneprogrammet til han ligg og flyt i eit eller anna badekar. Det vert stilt krav til dokumentasjon langs med heile prosjektet og elevane må føre nøye rapport med framgong og utprøving. Det prosjektet som er best, går vidare til ei landsdekkjande konkurranse. Det er ca 20 vidaregåande skular som tilbyr dette faget i år.

Her på skulen er det 22 elevar som akkurat no lærer seg å bruke konstruksjonsprogrammet på pc-en. Dei har vore på bedriftsbesøk på Ulstein verft og satsar på fleire slike besøk og på å få besøk.

Karen Topphol er engasjert lærar, ho har vore på kurs i lag med kollega Ole Arild Bø på NTNU. Dei har konstruert og prøvd ut sin eigen båt, ikkje i full storleik sjølvsagt.

-Det er kjekt for dei elevane som har valt eindel teoretiske fag å ha eit fag som er såpass praktisk som dette, å sjå eit konkret og fysisk resultat av det arbeidet ein har gjort, seier ho.

Dei elevane vi snakka med, var strålandes fornøgde med faget så langt. Og så er det alltid spanande med litt konkurranse…