Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Operasjon Dagsverk er no på fredag

Operasjon Dagsverk er no på fredag

Årets aksjon skal samle inn pengar til Strømmestiftelsen sitt prosjekt i Bangladesh, som heiter Shonglap (= dialog på bengali). Dei 300 kronene du jobbar inn, gir ei jente høve til å gå på skule i eit år. Kanskje er ho like gamal som veslesøstera di eller tante- eller onkelungen din. Det set vel ting i perspektiv?

Prosjektet gir ei eittårig utdanning for ugifte jenter mellom 11 og 19 år som ikkje har fått skulegang grunna fattigdom. Gjennom utdanning kan desse jentene kanskje unngå for tidleg ekteskap, tvangsprostitusjon, overgrep og utnytting. Dessutan vert dei meir sjølvstendige og får ein sjans til å klare seg sjølv.

Utdanninga er delt inn i tre bolkar:

  • 6 månader med opplæring innan helse, hygiene, rettar og bevisstgjering
  • 3 månader med les- og skrivekurs
  • 3 månader med enkel opplæring i ulike yrker og aktivitetar

15 000 jenter har så langt gjennomført programmet. Dei neste fem åra har Strømmestiftelsen planar om å hjelpe minst 100 000 jenter til å bli sjef i eige liv.

(Er du uheldig og ikkje finn att innbetalingsblanketten, kan du laste han ned frå www.od.no.)