Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Operasjon Kenya og Malaika-prosjektet nærmar seg

Operasjon Kenya og Malaika-prosjektet nærmar seg

Akkurat no, i skrivande stund, er elevane Ida Margrete, Mari og lærar Sveinar i Kenya. Dei er der for å sjå med eigne auge korleis NSP-Aid driv fram prosjekta sine, blant anna Malaika-prosjektet som blant anna Ulstein vgs skal vere med på.

Når dei er heimattekomne, skal dei fortelje oss andre om kva dei har opplevd, slik at det å finne seg jobb den 26.oktober og få inn minst 400 kr per elev går av seg sjølv.

Vi er ikkje aleine om å vere med på prosjektet, også Haram, Borgund og Spjelkavik vgs er med. Vi har inngått ein avtale med NSP-Aid og dagleg leiar Gunnar Hamnøy om å vere med i fire år.

Det er viktig arbeid, så har du ansvaret for ei bedrift, sjå positivt på at dei spør om jobb til den 26.oktober.

På facebooksida vår finn du bilde frå Malaika-turen.