Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > PLAN FOR DEI FØRSTE TO SKULEDAGANE SKULEÅRET 2008– 2009

PLAN FOR DEI FØRSTE TO SKULEDAGANE SKULEÅRET 2008– 2009

Alle elevane møter på skulen kl. 08.25 (jf. skoleruta). NB! 4TAF møter til sin fyste skoledag torsdag 21.08 kl 08.25.

Onsdag 20. august:

Alle elevane møter på skulen kl. 08.25 (jf. skoleruta). NB! 4TAF møter til sin fyste skoledag torsdag 21.08 kl 08.25.
– Viktig info til elevane som oppslag på sentrale stader i skulen. Det vil verte laga ein eigen plan for dei 4 første timane onsdag 20. august.

1. og 2. time:

Elevane på 2. og på 3. årstrinn (VG2 og VG 3) møter direkte på sine klasserom (sjå oppslag). – Generell orientering til elevane frå kontaktlærarane, ma. i høve ny instruks for kontaktlærar.
Elevane på VG 1 – møter på Landskapet i 2. høgda for inndeling og orientering. – NB! Kontaktlærarane for desse gruppene må også møte på Landskapet. – Deretter går desse elevane til sine klasserom (sjå oppslag) saman med sine kontaktlærarar. Generell orientering, ma. om det nye kontaktlærarsystemet/kontaktlærarinstruksen og det nye opplegget for skulestart VG 1.

3. time:

Alle elevar på VG 1 møter på Landskapet for orientering av rektor/ass. rektor/avdelingsleiarane.
- Elevar på Vg 2 og VG 3 er på sine klasserom saman med kontaktlærar(ane) sin (e)

4. time:

VG 1 – Elevane er attende på sine klasserom saman med sin (e) kontaktlærar (ar). Desse elevane er deretter undervisningsfri resten av dagen (jf. kjøp av lærebøker/undervisningsmateriell).
Elevar på VG 2 og VG 3 er på sine klasserom saman med sin (e) kontaktlærar (ar). Etter midttimen (6., 7., og 8 time) skal desse elevane ha undervisning etter timeplanen

Torsdag 21. august:

Eige opplegg for elevane på VG 1 (sjå eigen plan). – VG 2 og VG 3 skal ha undervisning etter timeplanen. Leiinga finn det elles rimeleg at den einskilde faglærar set av naudsynt tid til å klargjere sentrale element i læreplanen for dei einskilde faga. Det er viktig at dette vert gjort skikkeleg, slik at elevane har fullt innsyn i kva for krav/mål som ligg i dei einskilde læreplanane, og kva som er gjeldande eksamensform, skriftleg og/eller munnleg. Dette bør gjerast i samtlege fag , sjølv om elevar har hatt faget på eit lavare nivå tidlegare.
Skulen føreset elles at alle faglærarar orienterer sine elevar kontinuerleg gjennom skriftlege planar, og avklarar med elevane kva for form og innhald desse planane skal ha. Alle elevar har krav på planar i sine fag (vekeplanar, 14 dagars planar, månadsplanar el. likn.) og desse planane skal løpande leggast ut på skulen sin felles elektroniske kommunikasjonsplattform – ”Classfronter”.
Vel møtt til alle og lykke til med det nye skoleåret.
13.08.08
Jan Berset
Rektor