Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Ressurssenteret ynskjer nye og gamle elevar god sommar!

Ressurssenteret ynskjer nye og gamle elevar god sommar!

Janne, leiar for Ressurssenteret, takkar for i år og ynskjer deg lukke til vidare, både du som er ferdig hos oss – og du som skal fortsette neste skuleår!

Ho minner også om at du må hugse å levere inn alle bøkene du har lånt!

Når det gjeld KOMPETANSEBEVIS for deg som er ferdig med vidaregåande skule:

  • Desse blir skrivne ut og er klare 25.juni. Då blir dei sendt i posten.

Har du søkt på høgskule/universitet bør du hente kompetansebeviset ditt på skulen, slik at du er sikker på å få det i tide, sidan fristen for å laste opp dokumentasjon til Samordna opptak er 1.juli.

Når det gjeld KARAKTERPROTOKOLL for deg som er ferdig med eitt eller fleire fag:

  • Desse blir skrivne ut og er klare 25.juni. Då blir dei sendt i posten.