Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > SØKNAD VAKSENOPPLÆRING SKULEÅRET 2008/2009

SØKNAD VAKSENOPPLÆRING SKULEÅRET 2008/2009

Ressurssenteret ved Ulstein vidaregåande skule arrangerer kvart år kurs som fører fram til generell studiekompetanse.
Med atterhald om nok søkjarar, vil vi også neste skuleår tilby kursa Norsk, Engelsk, Matematikk, Naturfag, Samfunnsfag og Historie.
Dersom dette er noko for deg må du søkje om opptak snarast råd.
Søknaden må leverast i fysisk tilstand, det vil altså seie ved innlevering i ekspedisjonen eller ved hjelp av Postens vidunderlege system.
Lenkjer til meir informasjon og skjema finn du her:

Ny sjanse for vaksne - lovfesta rett til vidaregåande opplæring!

Vaksenrett

Vaksne frå og med det året dei fyller 25 år som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring tidlegare, har etter 1.august 2000 fått lovfesta rett til vidaregåande opplæring, jamfør §4A-3 i opplæringslova. Vaksne som har rett til opplæring etter §4A-3 har rett på ei gratis opplæring.

Realkompetanse

Med realkompetanse meiner vi alle kunnskapar, ferdigheitar og erfaringar kvar enkelt har skaffa seg gjennom opplæring, løna og frivillig arbeid og aktiv deltaking i organisasjonar og familie-/samfunnsliv. Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Realkompetanse skal vurderast i forhold til kompetansemåla i faga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Vurderinga skal vise om realkompetansen er likeverdig med kompetansen som er oppnådd gjennom vidaregåande opplæring. Vurderinga skal vere godkjend eller ikkje godkjend realkompetanse i fag eller delar av fag. Fylkeskommunen (ved Ressurssentra) har ansvaret for at vurderinga av realkompetanse blir utført på forsvarleg grunnlag.

KURSTILBOD

Med atterhald om nok søkjarar arrangerer Ressurssenteret kvart år kurs som fører fram til generell studiekompetanse. Kursa vil gå på kveldstid, og startar opp i månadsskiftet august/september.

Kursa Norsk, Engelsk, Matematikk og Naturfag startar om hausten og vert avslutta med eksamen om våren.

Samfunnsfag går berre om hausten, Historie berre vårhalvåret.

Det er mange som er usikre på om ein skal ta alle faga på eit skuleår, eller om ein skal dele opp utdanningsløpet til generell studiekompetanse over fleire år. Kvar enkelt har forskjellige føresetnader, men eit generelt tips er å starte mjukt. Erfaringar viser at dei færraste maktar å ta alle faga på eit skuleår dersom ein har arbeid ved sidan av. Mange vel å dele opp utdanningsløpet som gir generell studiekompetanse over to år eller meir. Du bør vurdere din eigen situasjon grundig. Norsk og Matematikk er for dei fleste mest tidkrevjande. Dersom du tek meir enn to fag på eit skuleår, bør du vurdere å ikkje ta desse faga i same skuleåret. Det er sjølvsagt mogleg å ta alle faga på eit skuleår.

SØKNADSSKJEMA

Dersom du ynskjer å starte opplæring til hausten, ber vi deg fylle ut skjemaet ”søknad om vaksenrett” og skjemaet for ”kartlegging av realkompetanse”. Skjema finn du nederst på sida. Det er viktig at du spesifiserer ditt eige utdanningsløp med kva fag du ynskjer å ta til hausten, og kva fag du vil ta neste skuleår osv. Skriv årstal ”08/09” i ruta for Matematikk om du ønskjer dette komande skuleår, og ”09/10” i ruta for Norsk om du ynskjer dette faget året etter. Husk å få med all personalia og kontaktadresse, spesielt viktig er det at heile personnummeret (11-siffer) er med i søknaden. Legg ved relevante vedlegg, som kopi av vitnemål og attestar frå tidlegare skulegong og arbeid, og send til skulen snarast råd.

For meir informasjon, ta kontakt!

Telf: 70 01 83 00/ 3 42

Fax: 70 01 83 30

E-mail:ulstein.vgs@mr-fylke.org

Skjema for kartlegging av realkompetanse

Søknadskjema, rett til opplæring