Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Skidag + UVS = sant

Skidag + UVS = sant

Før påske kunne vi lese på Fronter at Ulstein vidaregåande skule ikkje reiser på skidag utan at vi er sikra finever.
Det er tydeleg at einkvan på skulen har eit godt lag med vergudane eller kven det enn er som styrer veret.
For i dag, torsdag 27.mars, hadde vi ein...

...fantastisk flott skidag på Bondalseidet. Då vi reiste frå Ulsteinvik, var det litt blått og litt grått og litt sol, men dess meir vi nærma oss målet, dess blåare vart himmelen. Nokre kom inn litt kjappare enn andre, medan somme hadde nok med å sitje framoverlent i bussen slik at han skulle kome seg opp frå djupet av Eiksundtunnelen. Men alle kom fram til slutt og det er det viktigaste:-)

Elevar og personale hadde stort sett funne fram bortover- og nedoverski, medan andre hadde ei meir mental skioppleving utan ski på beina. Iallfall to hadde endatil funne fram finskjortene i høve den flotte dagen.

Dagen i ord:

Snowboard, blade, swix, kakao, alpint, småsvidde pølser, flørtande blikk, telemark, snøføyk, fregner, ski, yatzy, dagskort, drøs, skibriller, hjelm, kneipp med fårepølse, litt venting, sjokolade, sjokolade, sjokolade og sjokolade

Og alle var samde...