Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Slik blir skysstilbodet framover

Slik blir skysstilbodet framover

Når vi snart kjem igang igjen, vil skuledagen som vanleg bli påverka av skyssituasjonen.

Skuleeigar, altså Møre og Romsdal fylkeskommune, har utarbeidd denne informasjonen:

Ein meters-regelen fører til redusert kapasitet på skulebuss og hurtigbåt

Når alle skular startar denne veka, vil det tidvis kunne bli problem med å få plass til alle på skulebussen og hurtigbåtane, både til og frå skulen.

På grunn av smittevernreglar i kollektivtransporten, vil skulebussane og hurtigbåtane berre ha plass til halvparten av passasjerane dei har til vanleg. Elevane må sitte med ein meters avstand frå kvarandre, på oppmerka sitte- eller ståplassar.

I nasjonal rettleiar om smittevern for ungdomsskule og videregåande skule står det at elevane der det er mogleg ikkje skal bruke offentleg transport, med mindre dei ikkje har andre alternativ. Det betyr at du ikkje skal reise med buss dersom du ikkje må - bruk sykkel eller gå dersom du kan. Å bli køyrd av foreldre er ei anna løysing.

Alle elevar med rett til skuleskyss må vere merksame på den reduserte kapasiteten, og planlegge for alternativ til ordinær skuleskyss om skulebussen/hurtigbåten er full. Med dei gjeldande smittevernreglane vil elevar som ikkje får plass, kunne nytte det ordinære buss-/hurtigbåttilbodet for å komme seg heim frå skulen. Ver merksam på at smittevernreglane gjer at det er redusert kapasitet på det ordinære buss-/hurtigbåttilbodet også.

Om du må nytte skuleskyss må du passe på dette:

  • Dersom du er sjuk eller kan vere smitta skal du ikkje møte på skulen.
  • Når du går av/på bussen, bør du halde avstand til andre.
  • Vis omsyn og hald anbefalt avstand på ein meter.
  • Bruk kun dei seta og ståplassane som er ledige for bruk. Dersom ingen av plassane er ledige, må du gå av bussen/hurtigbåten.
  •  Vask hender når du kjem til skulen og når du kjem heim.

Les meir Veileder om smittevern for ungdomsskole og videregående skole under covid-19 utbruddet 2020

Les meir på retningslinje for operatørar og skolar i FRAM-området