Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Snart er det kick-off for ungdomsbedriftene

Snart er det kick-off for ungdomsbedriftene

Som du kanskje veit, er det å starte, drive og avvikle ei ungdomsbedrift ein svært viktig del av Service og Samferdsel VG2.
Det er alltid kjekt å markere starten på eit slikt prosjekt og det gjer elevane ved å lage til det dei kallar ein kick-off.

Årets arrangement går av stabelen no fredag som kjem. Landskapet kjem til å vere fullt av folk, nærare 200 kjem til å ta del. I tillegg til folk frå vår skule, får servicegjengen besøk av andre ungdomsbedrifter som held til ved andre vidaregåande skular i distriktet, som Herøy, Volda og Ålesund.

Einar Hareide kjem for å halde foredrag om produktdesign og produktutvikling. Han driv Hareide Designmill i Moss og har vore sjefsdesigner for Saab før.