Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Snart er det yrkesmesse

Snart er det yrkesmesse

Herøy kommune er vertskap for Yrkesmessa 2008 i Herøyhallen 23. og 24.januar.
Er du VG1-elev ved UVS, skal du busse ut den 23.

Då kjem du til å få nyttig informasjon om yrkesval og vegen vidare frå vidaregåande skule.

Ei aldri så lita gulrot, viss det er nødvendig, kan vere at Cecilie Skog skal halde foredrag. Det blir heilt sikkert veldig spennande og lærerikt!

Før, under og etter messa vert det lagt opp til at du skal gjere nokre oppgåver, slik at du blant anna får meir kunnskap om arbeidslivet her i regionen.

Dessutan seiest det at alle vegar fører til Rom, men kva for ein veg fører til det yrket akkurat du vil ha? Ta deg ein prat med dei som står på dei forskjellige standane. Kanskje blir du funnen av eit yrke?