Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Snart haustferie... og utanlandstur

Snart haustferie... og utanlandstur

Då nærmar vi oss haustferien med stormskritt. Kom han like kjapt på deg som julekvelden gjorde på kjerringa?

Håpar at alle får ein fin ferie og kan møte i veke 42 med overskot og ny entusiasme :-)

Ein god del av VG2-elevane skal på utanlandstur. Ein heil haug skal til Berlin, nokre til Paris og nokre til Barcelona. Dei som ikkje har sjans til å vere med, vil få eit godt tilbod på skulen.

VG1 og VG3 får nyte godt av at eit trinn ikkje er der. Då blir det mindre kø i kantina, enklare å finne plass i atriet...

God veke vidare, nyt haustferien!