Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Snart tid for å søke seg vidare, kjæraste Vg3ar og Vg4ar

Snart tid for å søke seg vidare, kjæraste Vg3ar og Vg4ar

Det nærmar seg søknadsfrist for høgare utdanning (alt er relativt, men tida susar av garde...) og då er det også tid for Studieorienteringsdagen. I år er det 21.januar som er den store dagen.

Då kjem det folk frå dei forskjellige høgskulane og universiteta og vil gjerne få akkurat deg til å søke på "deira" skule.

Oversikt over dagen finn du her.

Bruk tida godt fram mot søknadsfristen, bruk forskjellige nettsider som kan hjelpe deg finne den rette vegen å gå, bruk rådgjevarane på skulen, bruk lærarane på skulen (vi har som regel litt forskjellig bakgrunn og innfallsvinklar).

Av og til viser det seg at det var feil veg likevel. Men det går bra, du lærer alltid noko, det er aldri noko som er heilt vekkasta.