Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Snipp snapp snute, så var tre år ute

Snipp snapp snute, så var tre år ute

Heldigvis har dei lagt att meir enn tome kakefat, årets VK2-elevar. Både lærarar og elevar har nok mange gode minner og sikkert nokre mindre gode minner frå åra som har gått sidan villspika steig over dørterskelen til UVS.

Det har nok heilt sikkert vore mange gode kommentarar, utsegner og unnskyldningar opp gjennom tidene. Årets avgangskull har nok ikkje vore verken verre eller betre enn andre.

Takk for i år, lykke til vidare og dersom de veit med dykk sjølve at de gjer dykkar beste, så går det bra!