Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Sommarferien er her!

Sommarferien er her!

Med dette ynskjer vi oss alle ein god sommar! Forhåpentlegvis kan vi vere fornøgde med innsatsen dette skuleåret. Viss ikkje...

kjem det nye sjansar i august.

Dersom du kikar nøye etter på biletet, finn du ein blåveis. Alt anna er grønt.

Av og til er det vanskeleg å finne ut kva som er vitsen med det du gjer og brukar livet ditt til, men så, plutseleg, midt i det einsformige, kjedelege, trauste, finn du eit prov på at det er ikkje så dumt likevel. Derfor kan av og til norsktimane, samfunnsfagtimane, mattetimane eller til dømes språktimane virke noko tunge innimellom, men plutseleg ser du kvifor dei er viktige. Slike augeblikk er det verdt å gå på skule for :-)

Kos deg i sommar og køyr forsiktig!