Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Spenstig og flott juleball

Spenstig og flott juleball

Det var som vanleg, seiest det (skribenten har berre vore på to så langt) eit flott juleball vi hadde på tirsdag.

Programleiarane var ledige og flinke, 3.-klassene hadde gjort seg flid med programmet og maten var god. Damene var nydelege i lekre kjolar med nette sko til, karane var stilige og stramme i nålestripa dressar, einsfarga dressar og oransje dress.

I løpet av kvelden såg vi film, sketsjar, MTV Music Awards, eller noko liknande, Juleevangeliet i to forskjellige versjonar og mange utruleg flinke elevar som verkeleg viste fram nye sider.

I tillegg vart årets både det eine og det andre kåra. Det som gjorde størst inntrykk, var då Årets gledesspredar vart kåra. Då reiste nemleg alle seg og klappa fram Espen. Det var flott, det :-)

Ein stor takk til alle som tok del, anten som komitémedlemmar, sjauarar, organisatorar eller som ballets kongar og dronningar, spesielt til Henrikke som var sjefskoordinator i år :-)