Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Stikkord: God innsats, jamne kampar og høgt nivå

Stikkord: God innsats, jamne kampar og høgt nivå

Handballaga våre gjorde ein strålandes innsats i fylkesmeisterskapen i går. Høyr berre her:

Jentelaget slo Romsdal og Fræna og tapte knepent mot Volda, Molde og Fagerlia. Når ein så veit at keeperen vart skada og at ein utespelar stod i mål, så blir vi enno meir imponert. Godt jobba, jenter!

Gutelaget spelte uavgjort mot Ålesund, Atlanten og Spjelkavik og tapte knepent mot Molde, Volda og Fagerlia. Flott innsats!

Idrettslærar Jan Erik var leiar, trenar og lege for laga i Molde. Takk til deg òg :-)