Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Storingane har informasjonsdag i dag

Storingane har informasjonsdag i dag

Jada, vi snakkar om 3.klassingane våre. Dei kjem til å ha hovudet proppfullt av informasjon ved skuleslutt, sidan dagen i dag er den store Studie- og utdanningsdagen!

Kort fortalt går det ut på å få vite mest mogleg om kva dei forskjellige studiestadane kan tilby. Elevane skal trass alt søkje seg vidare i livet allereie 15.april.

Nokre veit sikkert allereie kva dei skal gjere til hausten, andre er gjerne litt meir usikre. Då er ein slik dag gull verdt. Her får dei informasjon frå alle dei store læreinstitusjonane, frå folkehøgskule til universitet.