Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Teknologi- og forskingslæreelevar i Trondheim

Teknologi- og forskingslæreelevar i Trondheim

Akkurat no er cirka 16 av medelevane dine i Trondheim. Dei reiste med hurtigruta i går og har forhåpentlegvis sove godt slik at dei 3 som er ansvarlege for båten som skal forsvare UVS si ære, "Olympic Zarah", er klare til dyst.

Dei tre er Caroline, Joachim og Nikoline.

Konkurransen er på Marintek og det er fleire lag med frå andre skular. Båtane blir vurderte på rapport, fartsprøve, manøvreringsprøve, stabilitet og kreativitet.

Vi gler oss til å høyre kor det gjekk!