Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Trondheim, teknologi og tre kilo med last

Trondheim, teknologi og tre kilo med last

I skrivande stund er elevane som har Teknologi og forskingslære på reisefot. Dei er på veg til Trondheim, ikkje aleine sjølvsagt, Karen lærar er med.

Der skal dei få vite om ein av båtane deira har gått til topps i konkurransen om best skipsdesign. Dei har fått ein spesifikasjon over eit skip som skal frakte juicekonsentrat frå India til Noreg via Suez-kanalen. Skipa som elevan har laga skal kunne frakte tre kilo vatn, fordelt på 6 juicekartongar. Det er om å gjere at skipet går fort, at elevane har følgt spesifikasjonane og at dei skriv ein god og gjennomtenkt rapport. Resultatet av fartsprøva og rapportane er allereie sendt oppover til NTNU, eller rettare sagt Marinteknisk Senter. Så no er det opp til fagmiljøet der oppe å finne ut kven av dei innsendte prosjekta som er best.

Det er ikkje alle dei vidaregåande skulane som har hatt Teknologi og forskingslære på planen dette skuleåret, men konkurransen er likevel knallhard. Konkurransen er delt inn i to klasser: ungdomsskule og vidaregåande skule. Her på Hareidlandet har Ulstein ungdomsskule og UVS jobba med dette prosjektet.

7.mars er det klart kven som går av med sigeren... Spennande, spennande!