Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Tryggingsrådet i FN brukte landskapet vårt for 2.året på rad

Tryggingsrådet i FN brukte landskapet vårt for 2.året på rad

Konflikten i Midt-Austen stod dessverre på programmet i år òg, ikkje for elevane sin del, men for landa det gjeld. I år hadde Tryggingsrådet møte på sjølvaste FN-dagen, 24.oktober.

Etter ein litt famlande start fann dei ulike delegasjonane rollene sine.

Det var ein del meiningsutvekslingar, ordspikkeri, kommadiskusjonar, slik det er i slike store forum. Resolusjonane hagla og til slutt fann deltakarane ein resolusjon som alle kunne samle seg om. Dessverre kom det akkurat då inn meldingar om at Israel hadde bomba atomkraftverk i Iran, noko som førte med seg hektisk møteaktivitet og resolusjonane måtte skrivast heilt om. Men resolusjon vart det.

Eit slikt rollespel gjer noko med deg som deltakar, du får augene opp for korleis FN fungerer, korleis alle er avhengig av kvarandre, både på det personlege plan og på det organisatoriske plan.

Vel blåst!