Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Tryggingsrådet i FN låner landskapet på UVS

Tryggingsrådet i FN låner landskapet på UVS

Du forstår nok at det ikkje er det "skikkelege" Tryggingsrådet som kjem til UVS. Det er elevar frå 2AF3, 2SA og 2ØA1 som skal ha eit rollespel torsdag denne veka.

Samfunnsfaglærarane Yngve Birkeland, Kåre Myrene og Tor Petersen meiner det kjem til å bli ei spennande og lærerik utfordring for elevane.

Det er ein annleis måte å leggje fram stoffet på. Kanskje blir det lettare å lære kva FN gjer og kva organisasjonen står for når du sjølv må ta del heilt konkret.

Elevane er delte inn i land og delegasjonar og skal før torsdag ha sett seg inn i landet sitt standpunkt og ha utarbeidd eit utkast til proposisjon.

Problemstillinga, eller scenariet, er dagsaktuell: Midt-Austen, òg kalla Israel-Palestina-konflikten.

Det er ikkje berre 2.klasseelevar med samfunnsfag på timeplanen som skal ta del. ”Tryggingsrådet” har òg leigd inn eit pressekorps, nemleg dei som har avis valfag. Dei skal jobbe i grupper på tre, fordelt på heile dagen. Rykande ferske nyhende skal leggjast ut på heimesida til Ulstein vidaregåande skule og på storskjerm i atriet.

Etter at medlemmene i Tryggingsrådet har blitt varme i trøya, vert Landskapet opna for publikum.

 

Fakta: Tryggingsrådet har 15 medlemmer, derav fem faste: Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA. Dei ti andre medlemmene blir valt av Generalforsamlinga for ein toårsperiode. I denne perioden er det Belgia, Kongo, Ghana, Indonesia, Italia, Panama, Peru, Qatar, Slovakia og Sør-Afrika.

Tryggingsrådets hovudansvar er å oppretthalde internasjonal fred og tryggleik.

(Kjelde: www.regjeringen.no)