Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Under 18 år? No kan foreldra dine signere for stipendet ditt digitalt

Under 18 år? No kan foreldra dine signere for stipendet ditt digitalt

Er du under 18 år og får stipend frå Lånekassen, må ein av foreldra dine signere for deg. No kan dei signere raskare enn før, sidan dei kan signere digitalt.

Dersom foreldra dine har ein digital postkasse, får dei raskare ein digital kopi av svaret på søknaden din, og kan signere for deg med ein gong.

Foreldre kan opprette ein digital postkasse (Digipost eller e-Boks) på veldigitalpostkasse.no. For å opprette postkassen må dei ha ein elektronisk ID, for eksempel BankID.

Elevar må signere for lån

Elevar som får lån, må sjølve signere avtalen om støtte. Avtalen vil alltid komme på papir i posten, og den må signerast av både deg og ein forelder dersom du er under 18 år.

Vent med å søkje om stipend

Elevar i vidaregåande kan søkje om stipend frå Lånekassen for neste skoleår når dei har fått ein skoleplass, og tidlegast i juni 2016.

Les meir om digital postkasse og signering for elevar under 18 år