Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Ungdomsbedriftene våre i media

Ungdomsbedriftene våre i media

Det er ikkje berre å finne eit produkt ein har tru på og så selje det. Det har nok Sal-, service-, sikkerheitsklassa forstått i løpet av desse månadane sidan dei starta på vg2.

Desse elevane er så heldig å ha eigen læreplan for å starte, drive og avslutte ei bedrift i løpet av eit skuleår. Dei er for tida ekstra ”på høgget ” og skal ta del i fleire konkurransar på Ungt Entreprenørskap si Fylkesmesse den 12. Mars.

Mykje skal gjerast på kort tid og mediedekning er òg noko ein må tenkje på. Her på bruket har vi to ungdomsbedrifter.

Den eine er UB Tørrsokk. Denne ungdomsbedrifta sel vasstette sokkar, som knapt er å finne i butikkar på Sunnmøre. Det i seg sjølv er ganske merkeleg eigentleg, her som halve befolkninga flyg i fjøra og på fjellet og blir både våte og kalde på føtene… No har UB Tørrsokk funne løysinga på det behovet, og salet går bra unna. Klikkar du på denne lenkja og går til s.12-13 http://regionavisa.org/static/bibliotek/28._januar_2009.pdf, finn du bilete og reportasje om tørrsokken.

Elevane i Roll Up UB var leie av å løyse opp flokane på headsetleidningar kvar gong dei skulle bruke dei, og utvikla dermed sjølve eit enkelt og unikt produkt for å løyse dette problemet for andre som har same behovet. Produktet er no i sal og dei har hatt ein spennande prosess hittil.

I løpet av den siste månaden har vi fått lese om begge to, den eine i Regionavisa og den andre i Vikebladet Vestposten.