Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > VELKOMEN SOM NY ELEV VED ULSTEIN VG. SKULE SKULEÅRET 2008 - 2009.

VELKOMEN SOM NY ELEV VED ULSTEIN VG. SKULE SKULEÅRET 2008 - 2009.

Du har tidlegare fått melding om at du har fått plass som elev ved Ulstein vg. skule skuleåret 2008-2009.
Skulen startar opp for alle elevane til vanleg skuletid – kl. 08.25 – onsdag 20. august, og alle dei nye elevane møter på skolen sitt Landskap i 2. høgda for registrering, fordeling i basisgruppe / undervisningsgruppe og til orientering av skulen si leiing

 

Fra skulen si side er vi svært glade for å kunne ønskje nye elevar velkomne til ein ny og fin skule i trivelige omgjevnader. På grunn av store elevkull framover, vil det nok av og til verte ”trongt om plassen”, men samstundes vil det truleg opplevast som positivt for dei fleste at skulen strekkjer seg langt for å gi skuleplass til flest mogeleg av dei ungdomane i regionen som har søkt om plass på vår skule.

Det vert forventa at du møter fram med ei positiv innstilling til det å lære, til det å tileigne deg kunnskap og gode haldningar, og med vilje til samarbeid, både med skulen si leiing, dei tilsette og med dine medelevar. Dette er vesentlege føresetnadar for at du også sjølv skal oppfatte skuletida som meiningsfull og viktig.

Vi forpliktar oss på vår side til å legge tilhøva til rette for deg på ein slik måte at du skal kunne få vidareutvikle dine kunnskapar, dine haldningar og di evne til samarbeid, til beste både for deg sjølv og for dei som du til ei kvar tid er i lag med, anten i skulesamfunnet eller seinare i samfunn og arbeidsliv meir generelt.

Som du sikkert allereie er kjent med, er ”Kunnskapsløftet” innført i vg. skule fra og med skuleåret 2006 – 2007. Dette inneber ma. nye læreplanar i alle fag på alle trinn, ei stor utfordring både for skulen sitt personale og for alle dei nye elevane.

Matematikk er blitt eit obligatorisk to-årig fellesfag i vg. skule med 5 timar i veka på VG 1 (1. året) og 3 timar i veka på VG 2 (2. året). Samstundes har skulen også utvida tilbodet i framandspråk på VG1, slik at vi no gir tilbod om både tysk, fransk og spansk. Meir om orientering om dette vil verte gitt ved skulestart.

Skulen ber deg om å vente med kjøp av lærebøker i matematikk og framandspråk på VG 1. Til orientering kan nemnast at du som elev på VG1 ikkje har rett på gratis læremedel. Du må difor pårekne å halde deg sjølv med naudsynt læremedel.

Meir informasjon om skulen får du ved å gå inn på skulen si eiga nettside: ulstein.vgs.no

Hjarteleg velkomen som elev ved Ulstein vg. skule. Vi gler oss til å verte kjent med deg, og vonar at skuleåret 2008 – 2009 vert eit triveleg og lærerikt år for alle.

Ulsteinvik 06.08.08

Jan Berset

rektor