Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > VG1-elevane i full gang

VG1-elevane i full gang

Det å skulle begynne på vidaregåande er ikkje berre berre. Dei første dagane er stappfulle av informasjon, nye fjes, nye rom og bittelitt kaos i hovudet.

Ein av aktivitetane er kick-off med Elevorganisasjonen. Alle VG1-elevane er i skrivande stund samla på landskapet, der dei får informasjon om elevdemokrati, rettigheiter og plikter.

Vitsen er at elevane skal forstå kvifor det er viktig å ta del og vere med i organisasjonslivet på skulen.