Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Vårens 3.klassingar på veg ut i livet

Vårens 3.klassingar på veg ut i livet

Idag, fredag, var det avslutning i kantina for avgangselevane i år. Det var stuvande fullt med mange talar, gode kaker og endatil gitarspel av rektor!

Samkomet vart opna av rektor, deretter tona "Å leva, det er å elska" ut i rommet. Det er aldri særleg lurt å la kakene og kaffien stå for lenge,så derfor fekk elevar og tilsette forsyne seg av hjartans lyst først, før programmet starta.

Etter maten heldt rektor Jan tale, før han leita fram den nystemte gitaren og var flott akkompagnement til "Lys og varme". Det er ein song som passar godt som ei avslutning på eit treårig skuleløp.

Sjå berre her: "..og følelsan, dem slit i mæ, ka vil framtida gi? Og den arven vi har gitt dæ, kan vær' tung å ta med sæ'.......Og føglan som e' fri, dem ska' vis vei og alt ska' bli mykje lys og mykje varme, tru og håp...".

No skal dei eldste elevane ut å prøve vingane sine, finne ut kva veg dei skal gå vidare.

Så var det avgangsklassene sin tur til å takke for seg, både med talar og blomsteroverrekkingar. Kontaktlærarane takka og bukka og gav gruppne sine ord med på vegen.

Samkomet vart avslutta med "No livnar det i lundar".

Og snipp, snapp, snute, så var dei avgangselevane ute:-) Lukke til!