Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Vaksenopplæringa startar kurset Historie tysdag 13.januar

Vaksenopplæringa startar kurset Historie tysdag 13.januar

Historie startar opp 13.januar, kl. 19.45 rom 269.
Kurset er eit av dei seks faga som gir generell studiekompetanse.

Mange har allereie søkt om deltaking til dette kurset hausten 2008. For dei er det berre å møte opp. Men dersom du ikkje har søkt og kan tenke deg å følgje kurset lyt du sende inn to søknadsskjemaer. "Skjema for kartlegging av realkompetanse" og "Søknad om rett til vidaregåande opplæring for vaksne". Skjema finn du lenger nede på sida. Fristen for å søkje om deltaking er 5.januar. Du kan sende ferdig utfylt skjema til skulen, anten via epost eller vanlig post. Du kan sjølvsagt også levere søknad til administrasjonen på skulen. Du vil motta eit svar på søknaden før den 13. januar. Der vil det stå om du har rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Dersom du har denne retten vil det medføre at du ikkje treng å betale eksamensavgift, og har rett på gratis læremiddel. Denne informasjonen treng du før du melder deg opp til eksamen. Dei som ikkje har rett til vidaregåande opplæring for vaksne, kan alikevel få tilbod om å følgje undervisninga, men må sjølv betale eksamensavgift og utgifter til læremateriell.
Det er VIKTIG å merke seg at oppmelding til eksamen i dette faget (og andre fag våren 2009) må gjerast via internett og innan 15.januar 2009. Dette må du gjere sjølv. Adressa for oppmelding er: privatistweb.no. Der vel du Møre og Romsdal Fylke. Fagkoda er : HIS 1003. Eksamensforma er munnleg.

Lenkje til Ressurssenteret si side