Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Val av språk ved Ulstein vidaregåande skule for elevar Vg1 ID og ST

Val av språk ved Ulstein vidaregåande skule for elevar Vg1 ID og ST

Dei som har hatt framandspråk i ungdomsskulen kan velje å avslutte språkundervisninga i vgs etter Vg2. Dei som ikkje har hatt framandspråk i ungdomsskulen skal ha framandspråk også på Vg3. Her ved UVS kan du velje mellom språkfaga Fransk I, Spansk I, Spansk II, Tysk I og Tysk II. Dersom det vert for mange søkarar i eit av tilboda vil de bli rangerte etter inntakspoenga dykkar. Skulle det vise seg at det vert svært få søkarar på eit av tilboda vil dette ikkje bli starta opp. Dei som vil halde fram med det språket dei allereie har hatt i ungdomsskulen skal velje dette på nivå II. Har du td hatt Spansk I i ungdomsskulen skal du velje Spansk II i vgs dersom du vil halde fram med spansk.
Val av språkkurs vil skje ein av dei første dagane etter skulestart