Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Vellukka FN-rollespel

Vellukka FN-rollespel

Elevane møtte opp, sobert kledde, som det seg hør og bør i eit møte i Tryggingsrådet.
Sjølv om det var stilt før møtet starta, syntest vi at vi høyrde vingeslag. Det måtte vere sommarfuglvingane vi høyrde, kanskje nokre av delegatane var litt nervøse?

Sjå fleire bilete her

Men det skal ein vere når ein skal sitje i Tryggingsrådet i FN og ha ansvaret for å finne ei dugandes løysing på konflikten i Midtausten. Det viste seg å vere eit aktuelt scenario, med både boikott av statssekretærar og diplomatiske amerikanske svar i radioen same dag.

Dagen starta med at kvart av dei tolv landa heldt ein innleiingstale,der dei la fram sitt syn på konflikten. Dagen slutta med at dei hadde fått ein resolusjon på bordet som dei fleste var samde i, men så brukte USA veto-retten sin. Og det var den dagen i Tryggingsrådet.

Observatørane frå diplomatiet (lærarane) var storligen imponert over entusiasmen og engasjementet delegatane (elevane) la for dagen. Deltakinga var nok ein tankevekkjar for dei aller fleste . Ein av delegatane var rett og slett frustrert etter rollespelet var ferdig, for han syntest dei hadde vore så nær, så nær ei løysing og så gjekk alt rett vest på grunn av USA si haldning. Det er kanskje slik det er for delegatane i det verkelege Tryggingsrådet òg.

Pressekorpset fekk føle på kroppen kor hektisk og travelt det faktisk er å vere journalist og skulle dekkje eit møte, anten det no er stort eller lite. Ein må vere 100% konsentrert om det som skjer.

Takk for i år.

Kanskje kjem Tryggingsrådet tilbake neste år?