Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Nyheiter > Vil du bli med på motivasjonskurs for ingeniøryrket?

Vil du bli med på motivasjonskurs for ingeniøryrket?

Eit godt samarbeidsprosjekt mellom Rolls Royce, Ulstein verft, Aker Yards (Brattvåg) og dei vidaregåande skulane i Ulstein og Haram, sørgjer kvart år for at tilsaman 16 elevar på VKI får delta på eit motivasjonskurs for ingeniøryrket.

Elevane på VKI som har studieretningsfaga fysikk og matematikk, kan søkje om å få delta på kurset. Om hausten blir det brukt 4 skuledagar på bedriftene i Ulstein og Brattvåg, med instruktørar frå desse bedriftene og ein lærar frå organisasjonen ”The Smallpeice Trust” i England. All undervisninga går føre seg på engelsk. Tid for kurset hausten 2006 er 14. - 17. november. I vinterferien blir det full undervisningsveke ved ”The Smallpeice Trust” i Leamington Spa, ein by nordvest for London. Tema for denne veka er ”What’s Engineering” , ”Project Mangement” og ”Design and Make Project”. Bedriftsbesøk og presentasjon av eigne arbeid er også ein viktig del. I tillegg står fleire turar og kulturelle aktivitetar på programmet.

I veke 40 kjem representantar frå bedriftene på besøk i dei aktuelle matematikkgruppene. Det blir då gitt informasjon om heile opplegget, og korleis ein kan søkje på dette.

Her kan du lese den oppsummeringa Line Cathrin skreiv etter forrige kurs: