Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Om skulen > Skulen vår

Skulen vår

Ulstein vidaregåande skule er lokalisert i Ulstein kommune, i nye og renoverte lokale i nærleiken av Høddvoll stadion, med sine ulike idrettsanlegg, som til dømes Nye Ulsteinhallen.

Skulen har følgjande programområde:

Kunnskapstreet vårt, laga av kunstnaren Britt Sorte. Er det ikkje flott vel?

  • Studiespesialiserande
  • Idrettsfag
  • Service og samferdsel
  • Elektrofag
  • TAF Mekaniske fag
  • Påbygging til generell studiekompetanse

Skulen er ein del av ein allsidig og spanande region som mellom anna omfattar Noregs mest vitale industrielle maritime miljø. Skulen har lange tradisjonar for eit godt samarbeid både med lokalsamfunnet, det maritime miljøet og næringslivet elles. Regionen har gode rekreasjonsområde med nærleik til kysten og til Sunnmørsalpane gjennom fastlandssambandet søraustover ,”Eiksundsambandet”, som knyter saman ein region med meir enn 40.000 innbyggarar.