Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Viktige smittevernråd

Viktige punkt henta frå rettleiaren:

  • Opplæring i smittevern både for elevar og tilsette
  • Forsterka reinhald
  • God informasjon ut
  • Påminningar rundt om i skulen 

Tre hovudpunkt:

  1. Sjuke personar skal ikkje vere på skulen
  2. God hygiene
  3. Redusert kontakt mellom personar

1. Sjuke personar skal ikkje vere på skulen Rettleiaren seier noko om kva som er kjenneteikna ved covid-19 smitte, som ein skal vere OBS på; vondt i halsen, forkjøling, lett hoste, sjukdomskjensle, hovudpine og muskelsmerter, magesmerter kan førekome. Den seier også noko om kven som kan vere på skulen og kven som ikkje kan vere på skulen.
Ved stadfesta covid-19 smitte skal kommunehelsetenesta melde frå til skulen, det gjeld både elevar og tilsette. Kommunehelsetenesta har også ansvar for den vidare handteringa.

Dersom ein elev vert sjuk på skulen: - Eleven skal reise heim - Føresette til elevar under 18 år skal varslast - Eleven skal helst bli henta, om han/ho ikkje kan gå. Offentleg transport skal nyttast i minst mogleg grad - Dersom eleven må vente, skal eleven vente på eige rom eller ute - Eleven skal bruke munnbind dersom det ikkje er mulig med avstand - Reingjering av toalett og andre rom eleven har brukt - Handvask for alle som har vore i kontakt med eleven

Mange elevar med kroniske sjukdomar kan møte på skulen. Rettleiaren har ei liste over døme på slike. Den har også ei liste (1-8) over kroniske sjukdommar der eleven kanskje ikkje skal møte på skulen, men framleis ha nettundervisning.

2. God hygiene - Hyppig handvask med såpe og vatn er viktig. Skulen innfører skjerpa rutinar - Bruk av handsprit der handvask ikkje er tilgjengeleg - Innføring av forsterka reinhald. Skulen justerer reinhaldsplanane - Reingjering av felles utstyr
3. Redusert kontakt - Avgrense storleiken på elevgruppene - Avgrense talet på personar som har kontakt med kvarandre - Minst 1 m avstand mellom elevane i klasserommet - Reglar for friminutt og matpause (1-2 m avstand) - Bruke minst mogleg offentleg transport