Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Skulen vår > Korona, skuleåret 19-20

Korona, skuleåret 19-20

Korona, skuleåret 19-20

Informasjon om dei 2,5 siste vekene dette skuleåret, oppdatert per 02.06.20:

Dersom du trykkjer på denne linken, får du god informasjon om slutten av dette merkelege skuleåret.

Skysstilbodet framover:

Les denne informasjonen frå fylkeskommunen om skuleskysstilbodet framover.

Oppdatert informasjon per 08.05.20

I går, 7.mai, fekk vi vite at barne- og ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane skal opne igjen i løpet av komande veke. Skuleeigar skal ha møte med rektorane og skyssektoren i løpet av dagen i dag, difor vil det drøye til mandag før skulen kan informere om kva klasser og til kva tid. Det er eit par ting som må planleggast (eksempel på understatement), og det må gjerast skikkeleg. 

Når det er sagt, så gler vi oss til å kome i litt meir normalt gjenge igjen. Det blir så utrulig kjekt å få treffast!

Meir informasjon kjem mandag 11.05.

 

Informasjon til elevane i samband med at nokre klasser skal tilbake på skulen igjen i veke 18, 2020:

Frå og med måndag 27.april vert den vidaregåande skulen delvis opna igjen. Elevar som skal kunne få undervisning på skule er Vg2 yrkesfag og Vg3 i yrkesfaglege utdanningsløp. Dette for å få undervisning i verkstad eller andre spesialrom. Det er programfaga som skal prioriterast, YFF – yrkesfagleg fordjuping, kjem som prioritet 2. Når det gjeld fellesfaga så skal dei framleis undervisast digitalt.
 
Styresmaktene har utarbeidd ein rettleiar, som vi tek utgangspunkt i når det gjeld planlegginga av den delvise opninga av skulen. Den finn ein på Udir.no eller via linken her. 
 
Dei klassene som skal tilbake på skulen i veke 18 er: 2EL1, 2IK1 og 2SS1. Nokre få elevar på Vg3- yrkesfaglege løp er allereie på skulen. Elevane får melding frå kontaktlærar om kva dag og til kva tid dei skal møte. Vi legg opp til konsentrert undervisning i programfaga to ev. tre dagar per veke og der vi nyttar heile dagane. Dette også ut frå eit skyssperspektiv. Det gjeld strenge smittevernreglar på offentleg transport og alle vert oppfordra til å bruke den minst mogleg, men det vert sett opp skuleskyss, om enn litt redusert. Kompiskøyring med mange i bilen, vert på det sterkaste frårådd.
 
Undervisninga for dei tre klassene som skal tilbake vert spreidd over ulike dagar i veka, dette for å ha færrast mogleg elevar på skulen til ei kvar tid. Nokre klasser vil også bli delte og undervisninga lagt til fleire rom.

Vel møtt tilbake på skulen.
 
Dette klarer vi.
 
Dette går over ein dag.
 
 
 
Ulsteinvik, 23.04.20

Margaret Alme

rektor


Viktige smittevernråd

Viktige punkt henta frå rettleiaren:

  • Opplæring i smittevern både for elevar og tilsette
  • Forsterka reinhald
  • God informasjon ut
  • Påminningar rundt om i skulen 
Les meir