Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Skulen vår > Praktisk info til besøkande og kursdeltakarar

Praktisk info til besøkande og kursdeltakarar

Parkering:​ Besøkande parkerer sør for skulen ved sidan av Høddvoll stadion. Sjå kartutsnitt under.

Administrasjon:​ Vegen til administrasjonen er skilta inne i hovudbygget.

Brannalarm på hovudbygget:​ Om brannalarmen vert utløyst, går alle til parkeringsplassen aust for skulen (mot Hareid). Det vert oppmoda om å gjere seg kjend med oppslått branninstruks på skulen.

Brannalarm i Ulsteinhallen:​ Om brannalarmen vert utløyst, går alle til kunstgrasbana (vest for Ulsmohallen). Det vert oppmoda om å gjere seg kjend med oppslått branninstruks i Ulsteinhallen.

Røyking/snus:​ All bruk av tobakk er forbode på skulen sitt område, både innandørs og utandørs.

Vi ønskjer velkomne til skulen, og håper besøket vert lærerikt og fint.

Med venleg helsing
Ulstein vidaregåande skule

Kart over skuleområdet (viss du trykker på bildet, blir det større):

Info parkering

Januar 2019