Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Skulen vår > Rektor si side

Rektor si side

Rektor si side

Helsing frå rektor

Velkomen til skuleåret 2018-2019.

Velkomen som elev ved Ulstein vidaregåande skule.

På vegne av skulen ønskjer eg både elevar og foreldre velkomne til eit nytt skuleår. Og spesielt velkomne ønskjer vi alle nye elevar.

Ulstein vidaregåande skule er ein skule som både utdannar til høgare utdanning på høgskule- og universitetsnivå og til fagarbeidarar innan gitte retningar.

Yrkesutdanning innan elektro og service og samferdsel/IKT fører til fagbrev og fagutdanning, dei treårige utdanningane innan studiespesialisering og idrettsfag samt påbyggingsåret etter toårig yrkesutdanning eller ferdig fagutdanning, gjev  studiekompetanse og høve til høgare utdanning på høgskule eller universitet. Berre fantasien set grense for kva retning ein kan gå i.

Det firårige TAF-løpet gjev både fagutdanning og studiekompetanse og er skreddarsydd for det maritime miljøet i området. Skulen har også eit eige tilbod til elevar som treng eit særskilt tilrettelagt tilbod.

Ulstein vidaregåande skule har mellom 500-600 elevar og nærare 100 tilsette. Vi ligg høgt og fritt til i Høddvollområdet. Skulen var gjennom ei omfattande rehabilitering for 10-15 år sidan. Skuleåret 2014-2015 fekk skulen utvida klasseromstalet sitt, gjennom ferdigstillinga av Nye Ulsteinhallen og tilhøva for kroppsøving og idrettsfag vart førsteklasses. Hallen, som er eigd av Ulstein kommune, men som skulen disponerer på dagtid, vart tatt i bruk i januar 2015.

Ulstein vidaregåande skule ønskjer å vere den viktigaste arbeidsplassen for alle elevane våre og at skuleåret skal verte vellykka og positivt for alle. Ein føresetnad for det er at alle tek aktivt del i læringsarbeidet, både på eiga hand og i samarbeid med andre elevar og lærarane.

Ulstein vidaregåande er den vidaregåande skulen som Nobelprisvinnarane Edvard Moser og May Britt Moser gjekk på og der U-18 verdsmeister i mangekamp og gode hekkeløpar Karsten Warholm er uteksaminert frå.

Vi ønskjer deg lykke til med skuleåret 2018-2019.

 

Margaret Alme

Rektor