Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Studietilbod > Ressurssenter

Ressurssenter

Vaksenopplæring ved Ulstein vidaregåande skule

Ulstein vidaregåande skule har eit ressurssenter som arrangerer kurs for vaksne i fag som gir generell studiekompetanse etter 23/5 regelen (vaksne som er minst 23 år og har 5 års praksis eller ein kombinasjon av 5 år med utdanning og praksis).

Faga er:

  • Norsk
  • Matematikk
  • Engelsk
  • Samfunnsfag
  • Historie
  • Naturfag

Det er undervisning på ettermiddags-/kveldstid fire dagar i veka. Kvart fag har undervisning ein dag. Kursa følgjer skuleåret, og du kan sjølv velje kor mange fag du vil ta kvart år.

Vi har ingen spesiell søknadsfrist, men sidan alle kursa (unntatt historie) startar om hausten er det best å søkje i god tid før skuleåret tek til, slik at du kan få best muleg rettleiing og vere med frå start. Historie startar opp i januar.

Du kan også søkje om anna vidaregåande utdanning, f.eks ulike yrkesfag, og vi kontaktar deg og hjelper deg vidare.

Ressurssenteret ved Ulstein vidaregåande skule arrangerer kurs på vegne av Møre og Romsdal fylke.


Slik ser timeplanen ut for skuleåret 17-18

Timeplan for vaksenopplæringa skuleåret 2017-2018

 Undervisning startar i veke 35 (28.august)

​​

Måndag 18.00 – 20.00 Matematikk, rom 203, Paul Inge Røyset
Tysdag

16.30 - 18.00

 

18.00 – 19.30

Engelsk, rom 203, Hilde Petra Brungot

Samfunnsfag, rom 203, Alexander Paus

Onsdag 18.00 – 20.15 Norsk, Auditoriet, Dagfinn Bye
Torsdag 18.00 – 19.30 Naturfag, naturfagromet, Jarle Bakken
Les meir
Kontakt Ress UVS