Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ulstein VGS > Studietilbod > Ressurssenter > Korleis søkje vaksenopplæring?

Korleis søkje vaksenopplæring?

Det første alle må gjere er å registrere seg på vigo.no. På lista nedanfor er det forklart korleis du gjer dette. Det er viktig at registreringa blir så nøyaktig og korrekt som muleg.

  • Du søkjer om vaksenopplæring på www.vigo.no og går så vidare til vaksenopplæring/realkompetansevurdering. Hugs å velje Møre og Romsdal fylke, og så Ulstein vidaregåande skule.
  • Du må logge inn med MinID
  • MinID er din personlege ID til offentlege tenester på nett.
  • I Møre og Romsdal kan du søke vaksenopplæring heile året.
  • Har du brukt MinID tidlegare, kan du logge deg inn på www.vigo.no
  •  Treng du hjelp til å logge inn, kan du kontakte brukarstøtten til MinID på telefon 800 30 300.
  • Du finn meir informasjon på www.vilbli.no

Når vi registrerer at du har søkt, så tek vi kontakt og avtalar tid for ein personleg samtale, slik at vi finn det beste «løpet» for akkurat deg. Dersom du synes det går for lenge før du blir kontakta, ber vi deg ringe skulen, eller aller helst ta kontakt på epost.

Kontakt Ress UVS